
Harald og eg har vore på Peter Pan saman med alle dei andre barna og homsane -ein strålande forestilling der vi blei slått av følgande pedagogiske triks: Det norske teater byggjer opp spenning og eit stort engasjement for så å få ungane til å rope frå salen på nynorsk. Selv minnes vi "Guten og Stjerna" ein gong på nittitallet da den onde sirkusdirektøren tvang Stjerna til å hoppe femten meter ned ved å skrike "Hopp Stjerna!" og vi fant oss selv saman med resten av salen full av oslobarn hyle: "Ikkje gjer det!" På Peter Pan-forestillingen fekk dei Tingeling til å
nesten døy, og det einaste som kunne redde henne var at barna trudde på fear. Ein etter ein ropa ungane "Eg trur på fear!" Kanskje eit tips mållaget kan nytte vidare for å få folk til å bruke nynorsk? Harald og eg blei i alle fall så engasjerte at det var rett før vi stemte i. Men isteden gjekk eg heim og skreiv denne teksten.
0 Comments:
Post a Comment
Subscribe to Post Comments [Atom]
<< Home